Idar Linds nettsted om Rinnanbanden

Idar Lind har gjort et formidabelt researcharbeid i forbindelse med sin bok «Kvinnene i Rinnanbanden» (Det norske samlag 2011).

Her er linken: http://rinnanbanden. no

Her er presentasjonen av siden:

Mytane om Henry Oliver Rinnan og Rinnanbanden er mange. Denne nettstaden er eit forsøk på å gi ei mest mulig nøktern framstilling av ulike sider ved denne gruppa av landssvikarar, dobbelagentar, torturistar og drapsmenn.

Nettstaden er ein bieffekt av arbeidet med Kvinnene i Rinnanbanden av Idar Lind (Det Norske Samlaget 2011). Boka er ikkje berre den første som tar for seg kvinnene i banden, det er også første gongen historia om sjølve Rinnanbanden blir presentert. Tidligare bøker har i hovudsak konsentrert seg om personen Henry Rinnan.

Ein seigliva myte

er at Jonsvannsveien 46 i Trondheim fekk tilnamnet sitt i okkupasjonstida, men dette skjedde ikkje før seinare. Huset har ei kjellarstue der det før og etter krigen vart drive barnehage. Frå hausten 1943 torturerte Rinnanbanden fangar her nede. Vinteren 1944-45 vart det innreidd ein bodega i rommet, det var dette lokalet som vart kalla Bandeklosteret. Mellom festane vart stadig nye jøssingar mishandla framfor bardisken.

Personopplysningar

På desse nettsidene blir sentrale medlemmar av Rinnanbanden, eller Sonderabteilung Lola som avdelinga heitte innafor Gestapo, omtalte med fullt namn. Dette gjeld personar som vart tiltalte i dei to store rettssakene, medlemmar som dødde før dei kom for retten, og eit utval andre aktørar som er godt kjente frå litteraturen. Mindre sentrale medlemmar er anonymiserte.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s