Fra oppgaven om flyktninglosene

TakkegaveBauta Johan

Intervju 7/12 1984 med flyktninglosen Johan Moan

Eg må vel seie at eg aldri satte meg ned og la planar for losarbeidet, dette var noko som kom av seg sjøl. Men, den første turen eg var med å legge planane for, var med jødinna Irene Klein og den fire år gamle dottera hennar, Anne Ruth (s 80)

Han forteller at disse to bodde på gården en stund, så ble de gjømt på sætra. At det var Jon, broren og Ludig Kruksve som tok dem over.

(Men i sele intervjuet forteller han om opplevelsen med Anne Ruth og Nordstjerna. Han var kanskje med likevel?)

Vi var vel ikkje modigare enn anna folk. Men dei som tok ferda over til Sverige var sjelden familiefolk, helst var det ungkarar som tok seg ein slik jobb».

«Nokon felles organisasjon var det ikkje snakk om» (s 81)

«Ofte fekk vi hjelp av presten som ellers hadde i oppdrag å besøke gamle og sjuke. (s 81)

Forresten hadde Sverre Aune på Aursjømyra og eg ein særskild avtale. Når det var nokon fangar som trong hjelp, ringde han meg og sa han hadde nokre auregarn han hadde lånt som han ville gå over fjellet og frem til sætra  vår med» (s 82)

«Dei fyrste som kom hit til gards var jøda, men sedan blei det både jugoslavar og russerar som hadde røymd fra fangelægra på Ørlandet og i Hasselvika. Leksvika låg då slik til at fangar vestanfrå så og seie automatisk ville leggje ruta over bygda. Mange av dei møtte eg berre tilfeldig oppe i skogen, andre ble sendt hit opp av dei få leksværingane som visste om denne verksemda. (s 82)

«Vi hadde jo husdyrhold her på Moan, slik at mykje av maten laga vi sjøl. Men sanneleg gjekk det med mykje og. For kvar ein tur måtte vi fylle opp sekkane våre, då var det særlig knekkebrød, ost og smør det gjekk hardt utover. Det hende og at gode nordmenn ga oss av det dei ikkje hadde bruk for sjøl. Eg hugsar eg var hos ei frue inni bygda for eg trong noko for å kle opp ein russisk fange, Serafin Kraptjetov. Hu ga meg uten dikkedarier ein av findressene til mannen sin, som ikkje var heime.

Det vanskeligste var å skaffe skotøy. Det hende vi kunne få tak i til skorelær til eit par bekksomstøvlar som bytte mot fem kilo smør, men ellers så måtte vi lage trebotninbgar.

Hos Bjarne Lyngstad på Kjerknesvågen var det alltid hjerterom og husrom. Så var vi ofte innom Thorleif Schiefloe, ein tidligare leksværing. Ved Kjebuvatnet budde Arnt  Kjebu, som også tok i mot oss.

Eg må nok innrømme at den siste natta før ein slik tur så hadde eg nok problem med nattsøvnen ja. Det var så mykje som måtte klaffe. Eg trur ikkje de (han nikker mot studentene) kan ane korleis vi følte det. Tankanene kretsa rundt tru om veret og føret kom til å halde seg. Og likeins om eventuelle skysskarar var på rett plass til avtalt tid. Berre ei lita misforståing og alt kunne vere øydelagt. Uff ja. Det var litt av eit press. men straks den fyrste kilometeren var unnagjort så var slike tankar borte.

I snøstormen var det særs vanskelig for dei tyske grensegedarmane i område å oppdage oss.

Sjøsagt var eg fullt klar over kva eg risikerte, det hadde tyskarne tydeleg sagt i fra om. Den som hjalp ein jøde, russar eller jugoslav skulle skytast. Og også den som blei huka under flukt blei skoten, ikkje for å straffast, men for å døy. Av den grunn hende det at losane og fyktningane skilde lag. Eg kunne gå eit par hundre meter fram.

Om hausten når det var fullt av bærplukkarar i skogen prøvde vi å menge oss blandt desse for ikkje å vekkje så mykje oppsikt.

Eg hugsar i november 1943, da kom det hit ein kar, Otto Bandük, som fortalte han var polsk kavaleriløyntant. Han snakke prikkfritt tysk med sunnmørske r-ar. Presten meinte vi kunne hade eit auga med han, for da han hadde bede Otto lese Fader Vår på polsk, kunne han ikkje dette. Den dagen vi skildes etterat eg hadde fulgt han til Helgådalen, fortalte Otto Bandük at han var tysk desertør. Da eg klandra han for ikkje å ha sagt noko om dette før, svara han: «om eg hadde komme til ein nordmann og sagt at eg var tysk desertør, trur du nokon hadde hjelp meg?»

I Markabygda var det ein rømt russisk krigsfange, som var på oppdrag for tyskarane. (Historien er allerede fortalt i oppgaven)

Økonomisk sett så vart vi langt frå rike av denne verksmda. Men, særskild varma det etter krigen, da eg fekk helsingar og takkebrev frå nokon av dei eg hjalp.  Han viser et teppe på veggen, som han har fått i gave fra en russer han hjalp.

Det skal illustrere flukten og at han førte han til en plass der det var håp.

Sarafin Kraptjetov husker han spesielt.

«Eg veit ikkje om eg nokon gong har møtt eit mennskje som meir enn han trong hjelp. Eg møtte han på Røstad sætra i oktober 1943, da hadde han vori på farten i 38 døgn. Det meste av tida hadde han gått i gal lei, det var wasser som stengde alle steder. Han hadde gjeve opp alt om å komme til Svetse og ville gå  fram til bygda for å la seg ta til fange. Det ville betydd umenneskeleg tortur og så ein reip kring halsen eller ei kule i kroppen. På sætra fantes ikkje ved, så han brede staur som han smette heil gjennom døra i størhuspanna. Han hadde finni litt hitlermjøl og steikte ei slags pannekake av vatn og mjøl. Han var eit kråkeskremsel å sjå til med trebotninar på føtene. Halsen var så full av sår at an ikkje kunne snu hovudet. Eg tok han med til sætra vår der det var meir utstyr, og lovde å følge han til Sverige.

Johan skaffet klær til Serafin. Turen var på 15 mil. Han fikk tak i Olaf Rossvold som tok på seg litt roing, slik at de slapp å gå gjennom bosettinga i Markabygda. De overnattet hos Bjarne Lyngstad på Fossem ved Kjerknesvågen. Så skyss med en mjølkebil. Ved Leksdalsvatnet var de innom Torleif Schiefloe og fikk mat. De var også innom en gård der de sendte gårdshunden på dem. De gikk fra Verdalsøra over Helgådalen til Sverige.  Her var det mange loser påveien som kunne hjulpet, men det visste ikke Johan.

«Det er rart å tenkje på no kor mange turar vi kunne spart, hvis vi hadde visst om kvarandre».

De endte opp hos Hallvar Jönsson på Sandnäset ved Åsingen.

Han tok en tur med Aleksander Nikolajevits Roth 8/2 1944. Da kom han ut for 9 tyske gendarmer i Verdalsfjella.  «Det er det som var så fortærandes at eg ikkje fekk gjort meir.

På Strinda står en bauta av Johan Moan.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s