ETTERLYSNING I MEDIA

En av passasjerene på Røde Spor skrev innlegg, som kom i Adresseavisen i går. Dette var en slags etterlysning, da det IKKE var noen omtale av dette spesielle scenekunstprosjektet i Adresseavisen (og heller ikke i Klassekampen). Så, om flere synes dette var rart, påtakelig eller skuffende og at Røde Spor fortjener omtale, skriv gjerne! Her eller til de nevnte aviser.

RAUDE SPOR I TRØNDELAG
Panter Tanter og Norsk Jernbanemuseum inviterte til ein heilt spesiell togtur frå Trondheim til Meråker og svenskegrensa 21. og 22.mai 2016. Det vart eit møte med krigstida i Trøndelag, med historia til arbeidarrørsla og fråhaldsrørsla, min eigen oppvekst på Løkken og studietida i Trondheim på 1960-talet, der eg framleis i IOGT-samanheng kunne møte ein del av aktørane frå krigsåra.
Togturen var fylt av mange episodar og historier, i tillegg til at det var med ei eiga utstillings-vogn. Fleire historier handla sjølvsagt om NSB, og det bidraget som jarnbanen gav okkupasjonsmakta når det galdt m.a. transport av krigsmateriell, soldatar og jødar. Dette har vore lite framme før m. a. Bjørn Westlie dei siste åra har dokumentert historia om NSB og bygginga av Nordlandsbanen.
Samtidig var NSB-arbeidarar godt representert i motstandsarbeid, spionasje og hjelp til flyktningar. Men den aktive motstandskampen som dei radikale gruppene i arbeidarrørsla dreiv, har lenge vore lite og ufullstendig fortalt. Det hang sjølvsagt noko saman med forvirringa i dei kommunistiske rekkene etter avtalen mellom Hitler og Stalin like før krigen, frå august 1939, men enda meir med den kalde krigen etter storkrigen, og mistenkeleggjeringa av alle som kunne tenkast å ha sympatiar med Sovjetunionen. Det er først dei siste 15-20 åra at den kommunistiske motstandskampen har blitt skikkeleg akseptert og heidra med forsking og minnesmerke. Brotstykke frå dette materialet vart på togturen framført i dramatisk form.
I tillegg vart dei nære koplingane vektlagt mellom dei radikale delane av arbeidarrørsla og fråhaldsrørsla, spesielt ungdomsorganisasjonen til IOGT, Norges Godtemplar Ungdoms-forbund (NGU). Fleire av dei mest aktive i Thingstad/Wærdahl-gruppa i Trondheim var også sentrale NGU-arar, som den trønderske fylkesleiaren i NGU Harald Rusten, og Carsten og Reidar Wærdahl og Øistein Johnsen. Øistein Johnsen hadde vore reisesekretær i NGU ei tid før krigen, og utover 1950-60-talet vart han ein sentral IOGT-leiar både i Trøndelag og nasjonalt. Nettverket av NGU-kontaktar var svært nyttig i organiseringa av krigsmotstanden, mellom anna fordi fråhaldsorganisasjonane legalt fekk drive organisasjonsarbeidet sitt under krigen, i motsetning til arbeidarrørsla.

NGU hadde jo ein svært aktiv ekspansjonsperioden utover 1930-talet, og motstand mot krig og nazisme og for fred og brorskap mellom alle folk vart sterkt vektlagt i skolerings- og organisasjonsarbeidet. På den årlege Godtemplarungdommens dag, 3.oktober, vart fredssaka jamleg markert, over heile Norden. Det var ikkje tilfeldig at denne rørsla trekte til seg samfunnsengasjert ungdom og at ungdom frå denne rørsla vart radikale og sentrale i kampen mot okkupasjonsmakta. Men det kosta: Harald Rusten i Trondheim vart til dømes arrestert i oktober 1943 og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland, men overlevde og levde til 1974. Men både Carsten og Reidar Wærdahl vart avretta i november 1943, saman med m.a. Kolbjørn Wiggen, ein yngre NGU-medlem i Trondheim. Også den nasjonale NGU-leiaren, Paul Kvamme frå Bergen, vart arrestert og avretta, i Trandumskogen i august 1942.
Togturen 22.mai gav samtidig ei tydeleg påminning om at i denne historia frå krigen ligg det framleis mykje stoff som burde systematiserast og dokumenterast betre – og kanskje vere til inspirasjon for framtidige ungdomsgenerasjonar. Teatergruppa Panter Tanter i Trondheim, med Berit Rusten i spissen, har i alle fall lagt eit godt grunnlag for vidare studiar.
Eivind Hasle

Bildet er tatt av Leikny Skjærseth og viser Berit Rusten som leder et ilesesettelseskor der teksten er «illegale metoder», en oppsummering a la 1942.Leikny_RødeSpor10.jpg

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s